Arrangement

Kunstnaren og filosofen
mai
25.

Kunstnaren og filosofen

Kunstnaren og filosofen

Samtale mellom Karl Erik Harr og Kari Hesthamar

I 1964 møttest den 24 år gamle kunstnaren Karl Erik Harr og den over tjue år eldre filosofen Arild Haaland, for første gong. Arild var universitetslektoren som vart flydd inn frå Bergen til Tromsø for å vera fagleg ansvarleg for førebuande prøvar i filosofi, medan Harr var heilt nyutdanna frå kunstakademiet. Arild kjøpte to maleri av den unge, nordnorske kunstnaren, og dette var starten på eit livslangt vennskap. Etter at Arild Haaland tok over skrivargarden på Hesthamar, var Karl Erik Harr nesten årleg på besøk. Han har mellom anna dekorert det vakre taket i den vesle stova ved kjøkkenet. Laurdag 25.mai møtest kunstnaren Harr og journalist Kari Hesthamar til samtale på skrivargarden.

Programmet startar kl. 17.00. Dørene vert opna kl. 16.00. Det er open kafe.

Billettar: https://tikkio.com/tickets/45576-karl-erik-harr-og-kari-hesthamar

Vis arrangement →
Utekonsert med J.T. Lauritsen and the Buckshot Hunters
jun.
8.

Utekonsert med J.T. Lauritsen and the Buckshot Hunters

Utekonsert med J.T. Lauritsen and the Buckshot Hunters

Omtale:
”J.T. Lauritsen & The Buckshot Hunters er et av Norges mest ettertraktede bluesband både her hjemme og i utlandet. Det er noe ved de beste bandene og soul/blues-vokalistene som er vanskelig å beskrive. De legger fram en sjel og personlighet i opptreden, fremførelse og låtvalg som gjør at de umiddelbart appellerer til publikum enten det er på hjemmebane foran trofaste tilhengere eller ved første møte med et helt nytt publikum i et annet land. JT Lauritsen & the Buckshot Hunters innehar disse kvalitetene.

Bandet har flere ganger spilt både for Odda Bluesklubb og andre bluesklubber i regionen. Det blir stas å få dette bandet til Skrivargarden på Hesthamar og de bringer garantert med seg topp stemning.

Jan Tore Lauritsen mottok Notoddens Blues Festival Bluespris under festivalåpningen i 2014. Han og bandet hentet hjem tredjeplass under Europeiske blues Challenge (EBC) i Brussels året etterpå. De ble også semifinalister under IBC i Memphis USA 2017 i hard konkurranse med over 260 band fra hele verden. 2018 kom albumet Blue Eyed Soul Volume 1 som høstet terning kast 5 i bøtter og spann samt radiospilling verden rundt i tillegg til deres første Spellemanns nominasjon. Høsten 2020 feiret bandet 25 år som plateartister med utgivelsen Blue Eyed Soul Volume 2. som ble bandets 9 album siden 1995. Lauritsen og hans medmusikere er populære og alltid i toppslag og lover fullt trøkk fra scenen. Det kan nevnes at de jobber nå med album nr 10 og vil lansere dette i septembetr 2025 som er nøyaktig 30 år siden første album ble sluppet!”

Bandet består av:

J.T.Lauritsen Vokal, munnspill, trekkspill og Hammond B3
Arnfinn Tørrisen Gitarer
Jon Grimsby Trommer og koring
Morten Nordskaug Bass og koring
Ian Fredrick Johannessen gitarer

Konsertarenaen og sal av mat/drikke opnar kl.18.00.

Konserten startar kl. 20.00.

Merk at dette er ein utekonsert – alle må kle seg etter vêret.

Velkomne!

Billettar: https://tikkio.com/tickets/45577-utekonsert-med-l-t-hunters-the-buckshot-hunters

Vis arrangement →
Ope hus
jun.
30.

Ope hus

Skrivargarden er open for omvising og kafè.

Det er omvising kvar heile time fram til kl. 15.00.

Pris kr 50 for vaksne og gratis for born opp til 16 år.

Vis arrangement →
Ope hus
jul.
7.

Ope hus

Skrivargarden er open for omvising og kafè.

Det er omvising kvar heile time fram til kl. 15.00.

Pris kr 50 for vaksne og gratis for born opp til 16 år.

Vis arrangement →
Ope hus
jul.
14.

Ope hus

Skrivargarden er open for omvising og kafè.

Det er omvising kvar heile time fram til kl. 15.00.

Pris kr 50 for vaksne og gratis for born opp til 16 år.

Vis arrangement →
Tønes
jul.
20.

Tønes

Frank «Tønes» Tønnesen kjem frå Sokndal i Rogaland og er ein av dei beste låtskrivere og tekstforfattere i landet. I tekstane nyttar han Sokndal-dialekt og fortel underfundige og humoristiske historiar om små og store ting. Han har gjennom åra fått ein del merksemd for sine finurlige og innsiktsfulle dialekttekstar.

Tønnes har gjeve ut åtte album, fire EP-ar og har skrive bok. Han har vunne Prøysenprisen, Dialektprisen og fire Spellemannsprisar (tre for Vise og ein for tekstforfattar). Han er verdskjent i sitt heimfylke, Rogaland, men har òg vorte godt kjent i resten av landet, mellom anna grunna sine mange musikkprisar og at har vore gjest hjå Lindmo fleire gonger. 

Med seg til denne konserten har han Anne Lise Frøkedal på gitar og vokal.

Konsertarenaen og sal av mat/drikke opnar kl.18.00.

Konserten startar kl. 20.00.

Merk at dette er ein utekonsert – alle må kle seg etter vêret.

Velkomne!

Vis arrangement →
Ope hus
jul.
21.

Ope hus

Skrivargarden er open for omvising og kafè.

Det er omvising kvar heile time fram til kl. 15.00.

Pris kr 50 for vaksne og gratis for born opp til 16 år.

Vis arrangement →
Ope hus
jul.
28.

Ope hus

Skrivargarden er open for omvising og kafè.

Det er omvising kvar heile time fram til kl. 15.00.

Pris kr 50 for vaksne og gratis for born opp til 16 år.

Vis arrangement →
Ope hus
aug.
4.

Ope hus

Skrivargarden er open for omvising og kafè.

Det er omvising kvar heile time fram til kl. 15.00.

Pris kr 50 for vaksne og gratis for born opp til 16 år.

Vis arrangement →
sep.
1.

Hardanger Musikkfest presenterer solokonsert med Milla Viljamaa på Hesthamar skrivargard

Finske Milla Viljamaa vert rekna som ein pionér innan harmoniummusikk. Som musikar, komponist og produsent er ho kjend for sine kreative verk innan både folkemusikk, tango, rock, pop, kammermusikk, teater, opera, ballett og filmproduksjon. Viljamaa har leia fleire ensemble som har henta inspirasjon frå folkemusikk og tango. Millas arbeid som komponist fekk betydeleg anerkjenning då ho vart tildelt Teosto-prisen i 2012 for soloalbumet "Minne". Prisen er ein av dei største kunstprisane i Norden og har som mål å framheve nye verk som er friske, originale og nyskapande.

Sjå lenkje for kjøp av billettar: https://hardangermusikkfest.ticketco.events/no/nb/e/hardanger_musikkfest_2024

Velkomne!

Vis arrangement →
Vurdering av kriminalitet og straff i gamal tid, basert på lokale saker
nov.
10.

Vurdering av kriminalitet og straff i gamal tid, basert på lokale saker

Vurdering av kriminalitet og straff i gamal tid, basert på lokale saker

Bjørn Våde arbeider ved personalkontoret til Boliden i Odda. I tillegg driv han med lama, på småbruket Brekke i Skare.

Våde har i mange år interessert seg for norsk folketradisjon og historie. Han har tidlegare publisert bøker om alt frå norske spøkelse og skrømt til nyttige planter og folkelege visdomsord.

I 2022 gav han ut boka «Fra galgebakke og skafott». I boka tek han for seg utviklinga innan kriminalitet og straff i Noreg - vist gjennom straffesaker frå mellomalderen og heilt fram til moderne tid.

I år kjem Bjørn Våde ut med boka «Forbryterne som falt for Samson Isberg si øks». Her vert vi kjende med skarprettar Samson Isberg, som voks opp i Hardanger.  Samstundes fortel Våde historiene til dei 15 personane som Isberg tok livet av.

 

Programmet startar kl. 17.00. Dørene vert opna kl. 16.00. Det er open kafe.

Billettar: https://tikkio.com/tickets/45586-vurdering-av-kriminalitet-og-straff-i-gamal-tid-basert-pa-lokale-saker

Vis arrangement →
Førjulsstemning i Skrivarhuset
des.
13.

Førjulsstemning i Skrivarhuset

Førjulsstemning i Skrivarhuset

Denne kvelden vert det pianokonsert ved Edyta K. Bryk. Etter konserten vert det mat og sosialt samvær i julepynta stover.

Edyta Kinga Bryk vart uteksaminert frå University of South Florida, med ein mastergrad  i fiolinutøving, og frå Frederic Chopin Musikk Universitet i Warszawa med ein mastergrad i instrumental pedagogikk, med fordjuping i fiolin. Ho har også studert kyrkjeorgel/liturgisk musikk hos NLA i Oslo. Ho har over 20 års undervisningserfaring og omfattande erfaring som orkestermusikar.

I 2010 flytta ho til Noreg og er busett på Utne. Edyta er medlem av Orkesteret Fossegrimen på Voss, og ho har også vore innleigd av Opera Bergen. For tida arbeider ho som fiolin-  og pianolærar ved Kvam Kulturskule, Voss kulturskule og som organist i Granvin og Ulvik.

Vis arrangement →

Hardangerforfattaren Gro Holm - ei av fire store
apr.
7.

Hardangerforfattaren Gro Holm - ei av fire store

Hardangerforfattaren Gro Holm - ei av fire store

v/ Brita Jordal og Guttorm Rogdaberg

GRO HOLM er ei av fire kvinnelege forfattarar som litteraturvitar Jan Inge Sørbø løfta opp og fram gjennom boka «Fire store», Samlaget 2022.

Gro Holm var fødd i 1878 og kom frå bruket «Prestgarden» i Odda, men ho er i praksis heile Hardanger sin forfattar.  I bøkene som ho gav ut i 1930-åra, skildrar ho vår lokale kulturhistorie i bondesamfunnet og i perioden med fossekjøp, kraftutbygging og industri. Ho hadde eit særleg blikk på kvinnene og «dei vanvørde» sin situasjon, og let oss møta menneska gjennom slit og glede, jordskifte, utvandring, turisme og industrialisering. I dette programmet vil Guttorm Rogdaberg og Brita Jordal ta oss nærare forfattaren som i si tid var populær i Hardanger.
Brita Jordal ved Kraftmuseet, har arbeidd med Samlingane etter Gro og Olav Holm som kom inn til museet i 1999. Samlingane omfattar arkiv, foto, gjenstandar og kunst. Målet har vore og er å auka kunnskapen om personane og samfunnet dei representerer. Brita har vore knytt til Kraftmuseet sidan 1987 og har bakgrunn frå Statens bibliotekhøgskule, etnologi grunnfag og husflidsskular. 

Guttorm Rogdaberg har arbeidd som dagleg leiar i Agatunet og har vore statsstipendiat Kulturdepartementet. Han er leiar i eigarstyret i Agatunet og er medlem i styret i Stiftinga Hesthamar skrivargard.

Programmet startar kl. 17.00. Dørene vert opna kl. 16.00. Det er open kafé.

Billettar: https://tikkio.com/tickets/45575-foredrag-om-gro-holm

Vis arrangement →
Litteratursymposiet 2023: Leander Djønne i samtale med Karl Ystanes
okt.
5.

Litteratursymposiet 2023: Leander Djønne i samtale med Karl Ystanes

Oskespiralen

Leander Djønne møter Karl Ystanes til samtale om brakdebuten “Oskespiralen”.

På symposiet i fjor hadde vi sleppfest for Oddaforfattar Leander Djønne sin romandebut Oskespiralen. Boka gjorde tungt nedslag i litteratur-Noreg og fekk uvanleg mange (gode) meldingar, før ho vann Lytternes romanpris som årets beste bok. I år inviterer vi til nytt møte med Djønne i samtale med Karl Ystanes, på den nyrestaurerte skrivargarden på nordsida av Ullensvang kommune.   

Oskespiralen er ein mørk roman, og ein ein god representant for den magiske dreiinga vi meiner å sjå i samtidslitteraturen. I boka er det urkreftene som rår. 

Sonen har sona straffa si, han ynskjer hemn. Broren leitar etter ljos og frelse. Faren byggjer gravhaugar. Mora ropar frå dødsriket. Oskespiralen er ei forteljing om to brørs oppgjer med fortida, ein far med umenneskeleg framferd og ei ur som er i ferd med å losne over heimegarden. I Leander Djønnes særeigne prosa blir valden og raseriet som gjennomstrøymer denne slekta skildra med nådelaus kraft.

Ru nevar heldt stramt rundt sleggjeskaftet. Sleggja heldt han balansert i brattbakkane. Sleggja og spettet. Han høyrde til her. Ikkje der ute som fjorden opna seg. Her inne var det. Mellom stupbratte fjell. Mellom ras, steinrøyser og jord. Stubbebrytar, feisel, bergjarn, kilar, sleggje, spett. Reiskapar roa han. Kjensla av å arbeide med tida, ikkje mot ho.

Sjå lenkja for meir informasjon og for kjøp av billettar.

OSKESPIRALEN-45886738 - Litteratursymposiet

Vis arrangement →
Fyrverkeriet Arild Haaland - Kari Hesthamar i samtale med Anders Haaland
sep.
3.

Fyrverkeriet Arild Haaland - Kari Hesthamar i samtale med Anders Haaland

Fyrverkeriet Arild Haaland

- Når gamle bygningsperler forfaller, oppstår det tomrom. Jeg fyller dem, sa bergensfilosofen Arild Haaland ein gong til NRK. Han spurde sjeldan om lov før han gjekk igang med restaureringsprosjekta sine. – Jeg går bare rett på sak. Det blir for mye sommel hvis man først skal avklare med kommunene rundt omkring.

Utan interesse av å få eigedomsrett, gjorde Arild Haaland (1919-2012) det til ei livsoppgåve å pusse opp gamle hus. Arild kom til skrivargarden på Hesthamar saman med Torunn Ystaas i 1973. Den gongen var det ein gong så staselege huset nedsarva med gjenspikra vindauger, men Arild og Torunn starta ein redningsoperasjon der dei førte huset tilbake til fordums prakt og fylte det med liv igjen.

Arild Haaland bidrog til meir enn 60 bøker om kunst, religion, politikk og filosofi og har blitt kalt både ein moderne Sokrates og ein «verbal Vøringsfoss». Han hevda at det å snekra på gamle hus, gjorde han til ein betre filosof. «Man må handle som en tankens mann, og tenke som en handlingens mann», var eit råd han gjerne fulgte.

Kven var denne mannen, som kom til skrivargarden på Hesthamar i 1973? Og kva var det som trekte han dit så lenge han levde?

Nabo og journalist Kari Hesthamar i samtale med Arild sin son, Anders Haaland.

Trykk på lenkja for bestilling av billettar:

https://tikkio.com/tickets/40487-fyrverkeriet-arild-haaland

Arild Haaland framfor skrivargarden
Vis arrangement →
Summetonar
aug.
18.

Summetonar

Trykk på lenkja for kjøpe billettar:

https://tikkio.com/tickets/37797-summetonar

Konsertarena og servering opnar kl. 17.30.
Konserten startar kl. 19.00.

Det vert sal av grilltallerken i regi av Jon Aga frå Utne hotell.
Sal av drikke.

Det vert sett opp buss frå Utne kl. 17.30. Denne korresponderer både med ferje frå Kvandal og frå Kinsarvik. Retur etter konserten. Bussen kostar kr 100 t/r. Billett til konserten kan kjøpast med og utan buss.
Me oppmodar flest mogeleg å nytta seg av busstilbodet.
Dersom ein ikkje kan ta bussen er det nokre parkeringsplassar på Steinkrossen omlag 300 meter frå Skrivargarden.

Merk at dette er èin utekonsert. Ta med klede etter været.

I april 2023 gav Olav Stedje, Odd-Erik Lothe
og Finn Tokvam ut sitt første album saman!

Dei tre artistane har samla seg om eit felles
prosjekt. Å lage eit album med utgangspunkt i kor dei kjem frå. Den geografiske og musikalske fellesskapen. Musikken dei har lytta på opp gjennom. Menneska dei har møtt langs vegen. Og ikkje minst alle stadane, krikane og krokane dei kjenner både kvar for
seg og saman. Stadar som ber på minner. Balestrand, Vadheim, Nordfjord, Sogn og Kjølsdalen – desse og fleire stadar får sine songar. For alle stadane husar tekstar og historier. Frå poetiske hyllestar, via sjølvransakande erkjenningar til absurde fortellingar.
Frå nærleik til fråvær. I det lokale søkjer dei det universelle. Kjærleiken, lengten og livet.

Olav Stedje har vore plateartist sidan 1981.
I sitt syttiande år ser han framover og kjem med ny musikk. Brorparten av songane på Summetonar er heilt nye. Med tekst og musikk signert Odd-Erik Lothe og Finn Tokvam. Det resterande er gjendiktningar av klassikarar som Witchita Lineman og Galveston.

Albumet Summetonar kom 13. april. Gjesteartistar
på albumet er Sigrid Moldestad, Steinar Karlsen og Stardalen Mannskor.

Når Stedje, Lothe, Tokvam no tek med seg albumet
og reiser på turné, blir albumet presentert som ei samanhengande forestilling. Finn Tokvam vil knyte det heile saman med sine lune og humoristiske betraktningar rundt temaet i kvar enkelt song. Med seg har dei også langvarig samarbeidspartnar og medmenneske
Halvor Folgerø på bass.

Hjarteleg velkomne til ei flott musikalsk oppleving på skrivargarden på Hesthamar!

Vis arrangement →
Konsert med Håkon Widding og vener
jul.
21.

Konsert med Håkon Widding og vener

Fredag 21. juli vert det to arrangement på skrivargarden på Hesthamar:

18.00:

Bjørn Hesthamar fortel:

Møte med polareskimoane i Nord-Grønland og deira historie og kultur gjennom ord og bilete.

Dette arrangementet er inne. Merk at max antal publikum er 40 personar.

20.00:

Håkon Widding med vener:

Håkon har med seg Tuva Lutro, Sara Torvund Reisæter og The Cees (Roald Haustveit, Petter Tronstad, Harald Molven og Håkon Widding).

Dette arrangementet er ute. Hugs klede etter været.

Prisar:

Kr 150 Foredrag med Bjørn

Kr 250 Konsert med Håkon og vener

Kr 350 Foredrag med Bjørn og konsert med Håkon

Billettsal i døra.

Vis arrangement →
Møte med polareskimoane på Nord-Grønland
jul.
21.

Møte med polareskimoane på Nord-Grønland

Fredag 21. juli vert det to arrangement på skrivargarden på Hesthamar:

18.00:

Bjørn Hesthamar fortel:

Møte med polareskimoane i Nord-Grønland og deira historie og kultur gjennom ord og bilete.

Dette arrangementet er inne. Merk at max antal publikum er 40 personar.

20.00:

Håkon Widding med vener:

Håkon har med seg Tuva Lutro, Sara Torvund Reisæter og The Cees (Roald Haustveit, Petter Tronstad, Harald Molven og Håkon Widding).

Dette arrangementet er ute. Hugs klede etter været.

Prisar:

Kr 150 Foredrag med Bjørn

Kr 250 Konsert med Håkon og vener

Kr 350 Foredrag med Bjørn og konsert med Håkon

Billettsal i døra.

Vis arrangement →
Open dag med omvising
jun.
18.

Open dag med omvising

Ein ettermiddag med Kvitanesen på Hesthamar.

I mange år har han rodd fjorden for å kunna sjå landskapet utanfrå slik at han med kjærleik kan fortelja om folk og hendingar litt på avstand.

Omvisning klokka 11:30–14:30. Kvitanesen kjem klokka 14:30.

Vis arrangement →