Konsertarena og sal av mat/drikke opnar kl. 18.00. Konserten startar kl. 19.00.
Merk at dette er eit utearrangement så klede etter være er å anbefale.
Hausten 2021 imponerte Bjørn Tomren heile Noreg som den mest særeigne artisten i den populære NRK-serien «Stjernekamp». Med sitt unike uttrykk og si eineståande formidlingsevne rakk Tomren på kort tid å bli allemannseige, og vart omtala som «den kulaste artisten i Stjernekamp gjennom tidene». Bjørn følgde opp TV-suksessen med ein lang turné og utselde konserthus over heile landet, som kulminerte i tre fullstappa konsertar i Oslo Konserthus.
Artisten, låtskrivaren og komikaren frå Tomrefjorden er òg kjend frå den notoriske jodle- og trekkspelduoen Polkabjørn & Kleine Heine, som mellom anna har varma opp for a-ha og vorte stjerner i dokumentarfilmen om seg sjølve, «Kunsten å jodle». I 2019 gav Bjørn ut sitt første album, «Bad Science Fiction», til overveldande kritikkar. Avisa Bergens Tidende karakteriserte plata som «så mørk at ein kan drukne i ho». Tomren sjølv kallar det dystopisk sci-fi-country som du kan lytte til i bakrus.
Som ein av landets mest allsidige musikarar spenner Tomren si musikalske rekkevidd frå americana og religiøse folketonar til jazz, viser, jodling, strupesong, dialekt-punk og psykedelisk protestmusikk.
Bjørn Tomren har òg gjennomført fleire ekspedisjonar og innehar verdsrekorden i flest forseringar av Noreg på langs; i kajakk, til fots, på ski og i robåt.
Han kan òg sjå attende på ein kort karriere som klovn. Eller som forfattaren Erlend Loe seier det:
«Bjørn Tomren er ikke bare en gudbenådet musiker med fantastisk stemme. Han kan også sykle på ett hjul».
Stjernekamp er ikkje den første konkurransen der Tomren gjer seg bemerka. I 2017 deltok han i verdsmeisterskapen i strupesong i Tuva, og tok med seg heim ein bronsehest.
Billettar: https://tikkio.com/events/62902