Om stiftinga Hesthamar skrivargard

Stiftinga Hesthamar skrivargard vart oppretta av Ullensvang herad i 2015. Huset hadde då for det meste stått tomt sidan 2004 og bar sterkt preg av manglande vedlikehald og av forfall.

Frå stiftinga overtok ansvaret for Hesthamar skrivargard, har vi gjennom godt samarbeid med Riksantikvaren, Hordaland og no Vestland fylkeskommune, Sparebankstiftinga, Hardanger og Voss museum m.fl. fått renovert hovudhuset utvendig (nytt tak, nye vindaugo og bordkledning), oppgradert det elektriske anlegget, montert varmepumper og ny pipe og bygd nytt uthus med kjøken og toalett.  Hovudhuset er totalrenovert og ført tilbake til 1700-talet gjennom fargar, tapet og med nye golv.  I tillegg har vi restaurert stabburet og naustet,  renovert hagen, og det er bygt ny utescene ved sjøen.

Styret i stiftinga:

Otto van Etten, leiar
Aud Mari Eitrheim, nestleiar
Ingvild Hauso
Jakob Dyrkolbotn
Anne-Kristine Mæland Måkestad



Vedtekter for stiftinga (Klikk her for å lasta ned vedtektene)

Utdrag frå vedtektene:

§ 2 Føremålet med stiftinga

Føremålet med stiftinga er å ta vare på Hesthamar skrivargard som eit kulturminne.

§ 3 Stiftinga sitt ansvar

Stiftinga sitt ansvar er å forvalta eigedomen Hesthamar skrivargard (gnr. 110, bnr. 13) på lang sikt og på kort sikt.

Stiftinga skal arbeida for å ta vare på og restaurera eigedomen, eventuelt bygga nye bygningar i tilknyting til eigedomen i samsvar med eigedomen sin status som kulturminne.

Stiftinga skal òg arbeida for å formidla historia bak og verdien av Hesthamar skrivargard.

Stiftinga skal dessutan arbeida for å nytta eigedomen i kulturell formidling (så som ved konsertar og andre kulturelle arrangement) og ved kunnskapsformidling.

 I dag er det fire hus som høyrer til  eigedomen:
Våningshuset/hovudhuset reist i 1723 av sorenskrivar Fabricius. Huset vart seinare bygd på av sorenskrivar Johan Sechmann Fleicher i tida fram mot 1750 og fekk den utsjånaden det har i dag.

  • Naust, renovert i 2023

  • Stabbur, som truleg er frå om lag same tidsperiode som hovudhuset. Renovert i 2022.

  • Nytt uthus med kjøken og toalett, oppført i  2019/2020 (universell utforming).


    Hesthamar skrivargard vert driven med hjelp av driftstilskot frå Ullensvang kommune og Vestland fylkeskommune.