Hesthamar skrivargard

I 1637, knappe 50 år etter at sorenskrivarembetet vart etablert i Noreg, kjøpte bygdefolket i Indre Hardanger garden Hesthamar av futen Laurits Galte på Torsnes. Garden var deretter sete for sorenskrivaren i Hardanger, og seinare også for Voss, fram til 1848. Frå 1849 er garden delt i to bruk.

I 1923 vart det 200 år gamle hovudhuset freda som kulturminne, og det er rekna som eitt av dei husa som er best teke vare på frå 1700-talet. Huset ber preg av ulike stilartar; mest rokokko, men også noko barokk og renessanse.

Nytt hovudhus i 1723 som vart bygt om kring 1760
Husa på garden var ikkje i særleg god stand på 1600-talet, og sorenskrivaren sette fram krav om nytt hovudhus. Kravet vart ikkje møtt med velvilje, men etter brann på skrivargarden i 1664 var bygdefolket likevel viljuge til å hjelpa til med å byggja opp att. Årsaka til manglande velvilje før brannen, var at bygdefolket alt var pålagde ei årleg avgift som var kalla skrivartoll.

I 1723 busette Jens Fabricius seg på garden. Det vart då bygt nytt hovudhus, som er opphavet til det som står i dag. Kring 1760 vart huset bygt på til noverande utforming, av den neste sorenskrivaren, Johan Sechmann Fleischer.

Den siste skrivaren som budde på Hesthamar, var fullmektig og konstituert sorenskrivar Jens Skagen. Hesthamar hadde då vore sete for sorenskrivaren i om lag 200 år, sjølv om ikkje alle sorenskrivarane hadde budd på garden.

Bustad m.a. for distriktslækjaren
Etter at garden ikkje lenger var tilhaldsstad for sorenskrivaren, var det ulike eigarar av huset. Den fyrste eigaren var distriktslækjaren for Hardanger, Gerhard Brock, som budde i huset nokre år. Saman med m.a. fullmektig Jens Skagen, var Brock elles med og gjorde opptakten til skiping av Kinsarvik Sparebank i 1846.

Fattiggard
I perioden 1888-1956 var det fattiggard på Hesthamar. Det var hovudhuset på gardsbruket som vart nytta til dette føremålet. For å få plass til dei om lag 40 fattiglemene, vart i tillegg fleire hus på garden kjøpte. Gardsbruket og huset var då i Kinsarvik Sparebank si eige, men vart seinare overført til heradet.

Hardanger jordbruks- og fruktdyrkingskule
Hardanger jordbruks- og fruktdyrkingsskule vart etablert på Hesthamar i 1938 og vart driven fram til 1957. I denne perioden vart det bygt fleire nye hus, m.a. internat og driftsbygning. Skulen nytta ikkje skrivarhuset, for her hadde fattigarden framleis tilhald.

Etter at skulen vart nedlagd, pakta heradet bort gardsbruket frå 1960. I 2003 vart gardsbruket selt til paktaren, som tok over i 1969. Hovudhuset var ikkje med i salet.

Filosofen Arid Haaland
Hovudhuset vart ståande ubrukt fram til 1974. Ullensvang herad ved ordførar Torolv Hesthamar skøytte dette året hovudhuset med tomt, stabbur og naust, til den kjende bergensfilosofen Arild Haaland. Vilkåret var at han skulle setja i stand og vedlikehalda huset, som var prega av forfall. Haaland fekk disponera huset i 20 år, på vilkår av at han skøytte huset attende til heradet etter avslutta periode. At Arild Haaland tok hand om huset på den tida, var utan tvil med på å redda det.

Skrivarens Venelag og Stiftinga Hesthamar skrivargard
Heradet tok over huset med alt innbu etter Arild Haaland. Huset vart deretter ståande meir eller mindre tomt fram til Venelaget vart stifta i 2013, og deretter Stiftinga i 2015. Heradet hadde fått Hardanger folkemuseum til å restaurera vindaugo og bordkledning på delar av huset. Elles bar huset framleis preg av stort forfall.

No er huset restaurert og ført tilbake til 1700-talet gjennom fargar, tapet og nye golv. Eigedomen har også naust, stabbur og nytt uthus med kjøken. I tillegg er det bygt ein utescene.

Johan Sechmann Fleischer. Sorenskrivar i Hardanger og Voss frå 1733 - 1775. Foto: Hardanger og Voss Museum