Tilbake til alle arrangementer

Alt dette er ditt

Hesthamar skrivargard tek i 2026 del i det tverrfaglege samarbeidsprosjektet som er kalla «Alt dette er ditt». Prosjektet er eit samarbeid mellom Hardanger folkemuseum, Kraftmuseet og Hesthamar skrivargard, og har som felles mål å styrka musea si lokale forankring og å gjera innbyggjarane i kommunen stolte over det kulturelle mangfaldet som utgjer Ullensvang. Frå hardangersaum til arbeidarkultur, frå rettshistorie til vasskraft. På Skrivargarden inviterer me til ope hus denne dagen med omvising og servering av kaffi/te, saft og kaker. I tillegg vert det opplesing og program for borna. Me held ope frå kl. 11.30 – 16.00.

Sjå og sida “Alt dette er ditt” på facebook for meir informasjon om dei tre aktørane i samarbeidsprosjektet.

Arrangementet er gratis.

Forrige
Forrige
2. mai

Nye møte med polarhistoria og fangarkulturen i Thule

Neste
Neste
4. juli

Bjørn Tomren til Hesthamar skrivargard