Tilbake til alle arrangementer

Nye møte med polarhistoria og fangarkulturen i Thule

Thule, nordvest i Grønland, står sentralt i polarhistoria. Mellom dei ca. 700 som bur der, lengst nord i verda, lever framleis historia og den tradisjonelle fangarkulturen. Der er hundespann, kajakk og kasteharpun naturlege element i arbeidet for å få mat på bordet og fôr til hundane. Bjørn Hesthamar har etter kvart fått ein nær relasjon til dette folket, gjennom to lange vinterturar, og no sist sommar på ein 6 vekers kajakkekspedisjon i dette historiske området. I dette foredraget deler han inntrykk frå møtet med Thulefolket og -kulturen.

Programmet startar kl. 17.00. Dørene vert opna kl. 16.00. Det er open kafé.

Billettar: https://tikkio.com/events/63215

Forrige
Forrige
10. mars

Den klassedelte rettsstaten

Neste
Neste
6. juni

Alt dette er ditt