Tilbake til alle arrangementer
Den klassedelte rettsstaten
v/Jørn Øyrehagen Sunde, professor i rettshistorie ved Institutt for offentleg rett, Universitetet i Oslo.
Det er svært dyrt å ta ei sak inn for domstolane. Dermed er ikkje rettsstaten lenger for alle, men mest for dei med ressursar. Då rår den sterkaste sin rett. Eit demokrati vert ustabilt når lov gjev innbyggjarane rettar som dei likevel ikkje kan få handheva i domstolane. Tek vi ikkje tak i dette problemet, kan tilsvarande illiberale krefter som vi ser i Ungarn og USA få fotfeste i Norge. Å gjera lov og rett tilgjengeleg for alle er viktig for å sikra demokratiet.
Det vert open kafe og dørene er opne frå kl. 17. Arrangementet startar kl. 18.
Billettar: https://tikkio.com/events/62457