Jørn Øyrehagen Sunde. Foto: Hans Jørgen Brun
Landslovpodkasten
Ein podkast om rett og teknologi, som er produsert i samband med markering av 750-årsjubileet for landslova til Magnus Lagabøte.
Høyr Jørn Øyrehagen Sunde, professor i rettshistorie ved Institutt for offentleg rett, UiO, snakka om dei lange linene i rettsleg kommunikasjon.
Podkasten er delt inn i tre bolkar:
1. Lagmannsstova i Agatunet
Om Lagmannsstova og Bleiediplomet, som er det eldste dokumentet me har frå ei fullstendig rettssak i Noreg. Kva var konsekvensane av at retten vart skriftleg? Korleis endra dette alt frå kongen si makt, til lagmannen som domar og til bøndene sin rettstryggleik?
2. Hesthamar skrivargard
Om då ein fekk trykt skrift, som gjorde at domarane hadde tilgang til den nøyaktig same lovteksten, og det kom ein tanke om at alle skulle vera like for lova anten dei møtte for sorenskrivaren i Hardanger eller saka var oppe for Høgsterett i København?
3. Skrivargarden på Lofthus og Hardanger tingrett i dag
Kva inneber det at retten er digitalisert, og at EU-rett laga i Luxembourg kjem like raskt til Lofthus som lover vedtekne av Stortinget? Hadde sider-revolusjonen i Hardanger vore mogeleg utan digitaliseringa av retten, og vil me snart få «the robot judge»?
Podkasten er spelt inn på dei tre nemnde stadene; i Lagmannsstova i Agatunet, på sorenskrivaren sitt kontor på Hesthamar skrivargard og i rettssalen hjå Hardanger og Voss tingrett på Lofthus. Tilskot frå Vestland fylkeskommune og frå kulturfondet i Ullensvang kommune har gjort det mogeleg å laga denne podkasten.
Podkast – Rettsløypa
Dersom du heller ynskjer å lesa innhaldet i podkasten, finn du teksten her.
Podkasten er transkribert av Frode Olsen ved Kraftmuseet. Teksten er skriven av som direkte tale.